Sletta

Denne artikkelen av Randi Hjemlestad ble første gang publisert i Kvinesdal Historielags årsskrift for 2013.

Publisert: Publisert:
  • Randi Hjemlestad

Sletta: Ordet kan skape assosiasjonar til argentiske pampas eller havbølger ikkje langt frå Bergen. Men eg skal spare deg for søramerikansk lovsong, bergensreklame. Eg skal snakke om noko mykje nærare.

Viss du med Sletta ser for deg; eit grasstykkje kloss i Høgevegen eller Hellergata på Neset, med Helleråsen sine majestetiske tre bak, er du på rette staden. Og du fortel med det same at du minst har nådd halvvegs i livet. For Sletta er ute av soga no.

Sletta er ute av soga no.

Nokon ekspederte henne til landet som ikkje er, og fann rom til ein parkeringsplass og eit helsehus i staden. Akkurat som Rolf Jacobsen skreiv i diktet «Landskap med gravemaskiner», dukka ei eller to av arten plutseleg opp og byrja å tyggje med «rumlende mave» og «lenker om føttene».

Resultatet var fatalt. Massar blei frakta vekk, utan at nokon visste kor barndomsriket hamna. Det myldra rundt Bedehuset, utan at myldringa såg ut til å ha religiøs aktivitet knytt ved seg. Nokon snakka annleis, utan at dei likna emissærar. Faktisk førte ikkje omveltinga til ein einaste ekstra basarkveld. Men eg hugsar at det stod Brødr. Reme med fine bokstavar på ein del av maskinparken. Så hadde vel nokon bede brørne om å ta turen til Kvinesdal, får eg tru.

Helsehuset i Fjotlandsgata snart ferdig, februar 1967.

Privat
Les også

Theodore Jorgenson - del 1

Les også

Theodore Jorgenson - del 2

EG MEINER at eg gjekk på realskule i Westonbygget akkurat i den tida, og strevde for å kjenne meg betydningsfull og attraktiv, trass i fregner og megakrøller.

At eg teipa det glatte, nyvaska håret fast til skallen, låg stillare enn musa heile natta og håpa på eit under, så mange stjerner som eg hadde frå søndagsskulen, skal vere nesten usagt. Antipermanent hos Aslaug det same. Når eg ikkje orka krøllelivet, gjekk eg med eit raudrutete skaut, inne og ute. Og i den grad draumar om framtida eksisterte, kunne dei sikkert ha handla om Askeladden, at han fantest mellom ein av dei ukjende med halve kongeriket og evig lukke i arbeidsveska, slik at eg slapp å reise vekk på meir skule. Men me fekk aldri kontakt, og skautet møtte veggen inst i klesskapet etter ei stund. Krøllene overlevde alt.

Ja, apropos Weston. I ørten år har eg gått og hugsa nokre grøne bokstavar på gråpapir på dette bygget, forfattar ukjent: «Her kan du sitte mens byrder du letter, og tenke på matte og kvinnfolk og netter. Dine spor blir utslettet av Kvinas vann, og ender til slutt i Sirdalens sand.»

Her kan du sitte mens byrder du letter, og tenke på matte og kvinnfolk og netter. Dine spor blir utslettet av Kvinas vann, og ender til slutt i Sirdalens sand.

Bak fra v: Leif Gunnar Versland, Halvor Egeland og Bård Johansen. Framme: Randi, Konrad Egeland og Ingeborg Hjemlestad.

Privat

Eg veit ikkje om det var rima eller referansen til toilettromma i underetasjen som gjorde mest inntrykk, men den eller dei som stod bak trong ikkje ha hatt Aamodt som norsklærar eller Møretrø i geografi, Noraberg i matte. Faktisk kunne den eller dei skriftlærde vere fødd på Hidra likegodt som på Neset, søkje tilbake til røtene på Bjørnarå etter endt studietid eller byggje hus i Stavanger, beste vestkant. Poenget er berre at ein syttande på føremiddagen, før nokon hadde tenkt tanken om å fjerne skribleriet, lærte eg meg linjene utanat frå Sletta der stien gjekk ned mot Fjotlandsgata. Unyttig kunnskap, som mykje anna etter kvart.

Kjell og Kalle Kristensen og Ingeborg Hjemlestad.

Privat
Les også

Historia om Fjotlandsruta - del 1

Les også

Historia om Fjotlandsruta - del 2

Les også

Historia om Fjotlandsruta - del 3

SLETTA STREKTE SEG frå Bedehusbakken til Sandvand og karosseriverkstaden med brannvarslaren i mønet mot Neset, ei uhyrleg sirene når ulukker hende, og var ein viktig stad for barndom på 50- og 60-talet, slik eg hugsar det, ein stad for å leike eller gjere avtalar om kva anna ein skulle finne på. Det kunne vere alt muleg sommarstid, til dømes ting som slåball, kanonball, kappa land, jepping, raudt lys, indianar og cowboy, anti over, gøymebommast, gøyme lappar. Ville ein sparke fotball til kvarandre eller kaste småball, utan outrerte utfall, hende dei tinga ofte på sjølve Sletta. Og synte vinden seg medgjerleg, var ikkje vegen lang til eit par tennisracketar og ein fjørball. Alle var med, aldersskilnad hadde lite å seie.

Slåball og kanonball gjekk føre seg i gata nedfor, Fjotlandsgata, sidan dei fleste farande langs E-18 ikkje fann vegen om sentrum interessant nok før Aril Edvardsen gjorde visse grep.

Fjotlandsgata var gruslagt, og med betongbygde Weston på eine sida, bakken opp til Sletta på andre, minimalt med gjennomgangstrafikk, bortsett frå til Samyrkelaget, var gata eit mykje brukt område for ballaktivitetar. Sjølvsagt kunne det vere risikabelt for ballar å hamne i feil retning lenger framme, i noko me kalla Gullhagen, visavis Bedehuset, der Tonning seinare held til, men eg trur ikkje at korkje mor eller dotter sprang med morderiske tankar mot framandelementa etterkvart som desse sigla over eller klatra sjølv. I ettertid forstår eg nok reaksjonarne til eigarane av hagen altfor vel, og har nok opptrådd verre enn begge to ilag ved enkelte høve.

Men Bedehusveggane tolte alltid ein støyt, slik dei har gjort gjennom århundre i mange land, og så langt som fiskebutikken til Guri, fotograf Sachs nådde me aldri.

Bedehusveggane tolte alltid ein støyt, slik dei har gjort gjennom århundre i mange land.

Bursdagsselskap i 1959 hos Bård Rafoss Johansen. Framme fra venstre: Alf K. Faret, Leif Gunnar Versland, Randi og Ingeborg. Bak i midten: Bård Johansen. Bak fra høyre: Kjell og Kalle Kristensen og Lars Emanuel Egeland.

Privat
Les også

Vi som arvet alt

Les også

Storekvina stasjon

KAPPA LAND fann stad framfor karosseridørene oppe, i grusen. Kniven handterte me rutinert. Dei fleste hadde samla sevje t.d. på Helleråsen i vårdagane, prøvd seg på meir eller mindre vellukka seljefløyter og var vane med småspikking heime. Kvart barn sin kniv handla det ikkje akkurat om, men ingen tenkte destruktive tankar rundt reiskapen. Hjelmar og redningsvestar høyrde definitivt ikkje til vokabularet. Jepping passa og godt framføre dørene til den tidlegare karosseriverkstaden, sidan pinnen aldri vart jeppa ekstremt langt, og i tillegg fanst greie mulegheiter til dømes innom doktorgjerdet, i sanden ved uthuset under det store morelltreet det aldri vaks noko særleg moreller på.

Raudt lys kunne ein drive korsomhelst. Det krov ikkje noko spesielt av terrenget. Å snike seg innpå hadde me og nærast i oss, oppvaksne som me var med cowboy- og indianarfilmar, og bøker. I leksikonet mitt finn eg ordet «slettelandsindianere». Desse heldt til i Nord-Amerika og omfatta m.a. sioux, apache, comanche, cheyenne. No er det langt til Amerika, men likevel ikkje, med utvandrarhistoria til Kvinesdal i minnet og forekomsten av heimvende floorleggjarar og carpentarar med og utan trunkar og dollarglis. Likevel vågar eg påstanden om at Kristine, mor til Kjell og Kalle, kan ha hatt noko med oppblomstringa av indianarar i Høgevegen å gjere. Ho var lenge billettør på kinoen, og hadde mange filmplakatar liggjande heime. Eg fekk av og til studere dei etter at dei hadde freista mystikksugne kvinesdølar i glasmonteren på kiosken til Kåre, på den veggen som vendte mot banken, der trappa gjekk ned mot Storeåna. Mellom vaksenfilmar med til dømes Elvis, Doris Day og Rock Hudson, titlar som «Ben Hur» og «Og bakom synger skogene» fantest fleire som synte indianarar, stolte høvdingar med raudbrun hud og fargeglad hovudpynt i kamp mot dei kvite. Geronimo var den aller gjevaste, tykte eg, trass i hudfargen min, raudkvit med fregner. Men eg hadde ei flette å slå i bordet med. Då eg klippte den, kanskje i 7. klasse, var indianarverksemda over for alltid. Inntil då var eg indianar når me leika cowboy og indianar, sneik meg rett opp i Helleråsen frå Kristine med pil og boge eller forserte steinborga bortanfor Elvestraum, budd på å møte dei forhatte cowboyane, lide kva lagnaden hadde å by på.

Når det gjaldt anti over, trong me ikkje å fjerne oss langt frå Sletta, for uthuset til Bedehuset låg perfekt til. Med list lurte me motstandaren og blinka inn sigeren, utan bannord, mens gøymebommast krov fleire lokalitetar. Når den som skulle leite, byrja å telje, sprang alle som galne frå Sletta, både i Høgevegen, ned til Fjotlandsgata og ut på Neset. Nokon sprang kanskje til og med heim, til Lunden eller Åmot for alt eg veit, eller endå lenger. Eg visste om den store steinen tett inntil ekstrabygget til Versland, for der var muleg å krype under og klatre vidare mot Helleråsen, og Lassie, den skotske fårehunden til Kristine, røpte ingen. Jetta, mor til Kristine, viss ho ikkje dreiv og steikte på hellekaker i kjellaren, smilte berre frå pleddet på trappa.

Det er sjølvsagt at leitinga tok tid. Ikkje alle blei funne heller. Men neste dag var dei på plass att, klar til nye utfordringar, kanskje etter både kveldsmat og frukost med sukker på skjevene, for det fekk aldri eg. Istaden drøymde eg om søtt, om sukker på skjevene og Banos, og om servelat med majones. Og då eg flytta på hybel første gong, bestod utvalet til frukost og kvelds av Banos på loff og servelat med majones på loff. Ei stund.

Les også

Dagboksnotater fra Knaben II

Les også

Lyngløer på Kvinesheia

I MUREN til Versland mot vegen visste me om gode stader å plassere ei ny melding når me gøymde lappar. Ei kvar sprekke kunne nyttast for kryptiske beskjedar om kor detektivane skulle fare etterpå.

Kanskje ned i Fjotlandsgata forbi Jan Erik og dei og mot Mally.

Kanskje til Tomine sin kafe, midterst i plankegjerdet bak. Kanskje i smuget mellom Kloster og Samyrkelaget. Kanskje nedfor Samsen. Men der oppheldt ingen seg til vanleg, berre dei som ynskte å spele på stikka søndagar. Slike som eg. Med 5-øringar.

Les også

Knaben Grubearbeiderforening 1927-1952

Les også

Samferdsel mellom Kvinesdal og Flekkefjord i gamle dager

VINTERSTID fungerte Sletta annleis. Me kunne etablere minifestningar, sende knallharde snøballar mot motstandarane si borg, slengje oss i dei få søkka og håpe å forbli uoppdaga, viss me ikkje sigla dristig ned mot Weston konfeksjon på kartong og såg med gru fram til å landa etter spretthoppet. Det var mange blå vinterromper i kartongtida, men ingen kjendest ved klaging. Og ikkje snødde det så mykje heller som me trur me minst. Berre i 1966. Men låg ting til rette for det, til dømes i Bedehusbakken, der dei ikkje strødde så mykje som i Lundarosen eller Sandbråtet, stod ikkje rattkjelkane stilt, heller ikkje skia. Ein frontkollisjon med hjørnet til Magnhild og Nils på rattkjelke med underteikna som sjåfør og einaste passasjer står særleg sterkt i smerteminnet.

Av alt dette er det råd å skjøne at mykje dreide seg om uteliv.

PC’en var ikkje påtenkt, farge-TV fanst ikkje, knapt vanleg svart/kvitt. Inne var noko når ein skulle ete, sove, gjere lekser, lese bøker eller når regnet silte. Så få tv’ar hadde funne vegen til Kvinesdal, at ein måtte gå på besøk for å sjå prøvebilde eller dei berømte pausefiskane gøyme seg mellom tangvasar, viss dei ikkje snudde seg beint imot deg med store auge og gapa etter luft. Eg var ikkje verre sjølv enn at eg banka på hos Solveig og Magne ein ettermiddag etter klokka 18 tidleg på sekstitalet. Orda eg avleverte i døra i andre etasje har forsvunne med åra, men eg fekk plass framfor vidunderapparatet og ein kopp kakao attåt. Ingen negative spørsmål, berre kom inn, du Randi. Utbytet av fjernsynsjåinga måtte vel karakteriserast som magert, all den tid mottakarforholda for tv i Kvinesdal ikkje var skikkeleg utbygd. Eg meiner at eg i alle fall såg nokre utydelege figurar, som kunne ha vore kven som helst i snødrev på Knaben eller Haddelandsheia. Men me fekk tv heime ganske raskt etterpå.

Kikkar du etter Sletta, karosseriverkstaden og Sandvand sin eigedom med dokkestove i tunet idag, kikkar du forgjeves.

KIKKAR DU etter Sletta, karosseriverkstaden og Sandvand sin eigedom med dokkestove i tunet idag, kikkar du forgjeves, i tillegg til mykje anna.

Eg og er ulik, endå eg sparklar og striglar etter beste evne. Dei som har greie på slikt, snakkar om utvikling. Eg er ikkje så venleg innstilt. For meg blir det meir ei slags rasering av barndomen sine haldepunkt, sjølv om eg forstår at alt ikkje kan takast vare på. At eg ikkje kan gje noko eksakt mål på sletteherlegdomen håper eg likevel fortel meir om evna til realistiske vurderingar i barnleg alder enn dårleg husk. Men i mine auge var grasstykkjet digert.

Publisert:
  1. KULTUR

    Kvinesdal under okkupasjonen i 1942 - del 2

  2. KULTUR

    Kvinesdal under okkupasjonen i 1942 - del 1

  3. KULTUR

    Sorenskrivaren i Feda tinglag

  4. KULTUR

    Kjøp av Krongodset Audalstøl for nesten 300 år siden

  5. KULTUR

    Tante Engel

  6. KULTUR

    Da slusken kom til bygda