Innholdet i denne artikkelen er fortald av sonen til A. S. Svindland, Kjell Svindland:

BESTEFAR MIN, Salve Kongevold, blei fødd 1852. Han kom frå Kongevold, i gamle Gyland kommune, men kjøpte gard på Svindland, i Feda gamle kommune, og endra då etternamnet til Svindland. Salve blei gift med Anne Kristine Haugland, frå Kvinesdal, fødd 1851. Han dreiv garden i 10 år før han flytta til Flekkefjord. Der begynte han å handle kjøt.

I 1892 kjøpte bestefar eigedomen på hjørnet av Elvegata og Brogata, Elvegata 15, på Torget. Der starta han opp med slakteri. Dette var før butikken kom. Den gongen selde bestefar og dei andre slaktarane kjøtet på Torget. Når dei hadde slakta ei ku, gjekk dei etterpå rundt i gatene med ei bjølle som dei ringde for å gjere folk merksame på at dei hadde ei melding. Så kunne dei til dømes ropa ut: «En fed ko, der har tilhørt Hans Sunde-Hansen, er slaktet i dag og selges ut på Torvet i morgen».

Neste dag stod slaktaren på torget og selde kjøtet frå denne kua så lenge det varte. Det kunne gå nokre dagar før ei ny blei slakta, og slaktaren måtte gå runden med bjølla på ny for å få sagt frå om at nå kunne dei få kjøpt kjøt att hos han.

Salve døydde i 1916 og Anne Kristine i 1914.

Ingeborg og Alvik Sevald Svindland, 1955.
Privat

I 1907 tok far min, Alvik Ståle Svindland, over etter bestefar. Alvik blei fødd i 1887. Han blei gift med Ingeborg Nuland, fødd 1895. Dei fekk borna: Sigurd Alvik, fødd 1921. Birgit, fødd 1922. Aslaug, fødd 1922. Kjell Toralf, fødd 1933.

Alvik hadde tatt svennebrevet, og opna den nye kjøtbutikken, A. S. Svindland, fredag 30. august 1907. Same dag opna han også «Kolonial-, Glas- og Stentøiforretning». Begge i S. Svindlands hus i Brogaden.

I Flekkefjordsposten for torsdag 29. august 1907 stod denne annonsen.
Privat

Du kunne få kjøpt alle slag kjøt der. Likeeins varierte kjøtprodukt som ulike slag pølser, kjøtpudding med meire. Elles hadde han leverpostei, kalvedans, ulike pålegg, blodpudding, og så bortetter. Salta og røykte produkt var det også eit godt utval av. Alt blei laga til der og seld i butikken. Dessutan blei ein del av produkta seld til butikkar i distriktet. Etter kvart blei det meir og meir spekepølse som blei produsert. Etter at kjøtforretninga A. S. Svindland blei stengt i sentrum 1993 er det bare spekepølse som blir produsert i fabrikken i Springebakken, med salg over heile landet.

Då eg tok over i 1957 var det 50 år etter at far min starta opp. Eg fekk då registrert firmaet registrert i Handelsregisteret.

Det blei sonen Kjell som tok over etter Alvik. Han blei giftt med Seri Løge, fødd 1937 – død 2003. Dei fekk borna:

Arna, fødd 1961.

Alvik, fødd 1964.

Kjell Svindland.
Privat

TRE ÅR ETTER at eg tok over, i 1960, slutta eg med slakting. Det blei etter kvart sett så høge krav, at det ville bli for kostbart dersom eg skulle halde fram med slakting. Så då blei det bare pølser og pålegg det blei satsa på. Eigentleg hadde eg tenkt å bygga nytt slakteri den gongen, men dei strenge krava gjorde at eg gav det opp. Tomt hadde eg sikra meg, der som avisen Agder held til, men det blei bare med tanken. Alle dei andre slakteria gav også opp, med unntak av Sigbjørnsen. Han var den einaste som bygde nytt slakteri, som var godkjent etter krava. Etter nokre år gav også han opp. Det gjekk jo ikkje lenger an å sleppe ut slakteavfallet i elva som dei gjorde før!

Det var ganske mange som dreiv med slakting og hadde kjøtforretning den gongen: Svindland, Sigbjørnsen, Endresen Haukland, Skjeggestad, Junker og Flekkefjord og Nes Samvirkelag dreiv alle med slakteri i Flekkefjord by. Tre av slakteria låg rett ved elva, og det var lett å bli fri slakteavfallet. Det var jo heilt vilt. Heile gørra blei spylt ut eller hiven rett ut i elva, slik at tarmar, blod og anna avfall flaut nedover. Det blei jo mykje god mat som hamna i sjøen, noko som ålen sette stor pris på. Torvald Tønnessen dreiv stort med å fanga ål i teiner, og ein eller to gonger i månaden kom det ei dansk skøyte for å hente ål. Dei tok ålen med til Danmark der dei røykte han. Ålane blei jo feite og gode med alle dei slakteria som kasta slakteavfallet i elva.

Fleire hadde motorbåten sin fortøydd langs bryggene nedanfor dei tre slakteria. Det hende at dei fekk problem med å starta opp ettersom det hadde kome tarmar i propellen!

Slaktedyra kom frå heile distriktet. Opp over i landet, og ute frå fjorden. Dyra blei sende med bil og båt til Flekkefjord. Det kom slaktedyr både med «Alf» og med «Kvina». «Alf» la til ved Tollbubrygga og «Kvina» la til litt høgare oppe i elva ved Anzeebrygga.

Frå båtane og bilane blei dyra leidde gjennom byen til slakteria.

Slaktedyra kom frå heile distriktet. Opp over i landet, og ute frå fjorden.
Slaktarreidskapane.
Privat

EIN EPISODE: Ein av karane i slakteriet skulle bort til ein bil som stod på jernbaneområdet for å henta ein stut. Han bandt tauet som stuten var festa til godt rundt armen sin og vandra bortover Sunde. Det gjekk fint heilt til han kom til brua., men der møtte han ein mann som kom med ei ku i motsett lei. Og då vart det liv i stuten. Han sette på sprang, og han som hadde festa tauet så godt rundt armen blei dregen over ende og sopt med bortover brua. Mannen fekk riven opp litt av armen slik at han måtte til doktoren, men det gjekk godt.

MERKNAD: Eg har blitt fortald av Liv Faksvåg at bønder frå Kvinesdal sjølv prøvde å selje slaktedyra sine direkte til slakteriet. Dei blei med «Kvina» saman med slaktedyret til Flekkefjord og gjekk rundt til slakteria der dei baud fram den levande salsvaren. Men det var ikkje så lett å bli kvitt dyret. Mange gonger måtte dei gå tilbake til «Kvina» med slaktedyret etter seg. Vel framme ved båten møtte slaktarane frå byen opp og baud på, og det til ein pris som var langt under det bonden hadde tenkt seg. Men det var betre å få seld enn å måtte koma heim att utan sal. Ho fortalde også at dei som born under krigen plukka eikeneter som dei selde til slaktar Sigbjørnsen, Han brukte dei til grisefor.

VIDARE Kjell Svindland: Ola Lindhom og Bendik Endresen var dei fyrste som eg blei kjent med då eg sprang rundt i slakteriet til far min. Eg hadde ikkje begynt i lære då, men eg var med litt på det som gjekk føre seg. Heilt frå eg var så liten at eg snautt kunne gå, var eg nede i slakteriet og så på då dei slakta Det var i femtiåra eg begynte i lære.

Under og etter krigen blei det laga mykje fiskemat ettersom det var heller lite kjøt å få tak i. Me laga fiskekaker og fiskepudding. Fiskepuddingen, som vog om lag 1,4 kilo, blei lagti former av rustfritt stål og sett i steikeomnen.. Når dei blei tatt ut av steikeomnen var dei ferdig steikt, men det hang alltid litt igjen langs kantane når dei blei tatt ut av formene. Dette måtte fjernast før fiskepuddingen blei tatt ut av forma. Så skulle formene skrapast reine og smørast etterpå. Det var «dredungar» som meg meg somhadde denne jobben. Og eg, min dumme tosk, eg gløymer det aldri. «Det sidde som spigeren i hovet mitt»: Bendik hadde ein fin kniv som han brukte til å reinskjere kjøt med, til dømes kalvekjøt. Denne tok eg og skrapte reint med. «Gå an» for ein kjeft eg fekk Det nytta ikkje å gå og gøyme seg. Bendik var ikkje mykje blid då. Den kniven tok eg aldri meir når eg skulle skrapa reint. Heile eggen blei jo øydelagt. Det var eigne knivar, som likna bordknivar, som skulle brukast til slikt. Bendik var ein veldig gild kar. Han var jo gift med ei frå Kvinesdal (Rakel Laudal). Då svigerfaren, Ånen Laudal, blei dårleg, bestemte Bendik og kona seg for å flytte til Kvinesdal for å ta seg av han. To av brørne til Bendik lever framleis.

OLAV Lauvås Nilsen gjekk også hos far min i lære. Før det var han på Samvirkelaget. Både Bendik og Olav var frå Flekkefjord. Nicolai Nilsen gjekk i lære hos far min, men det var før mi tid.

Også Andreas Aase gjekk læretida hos far min. Han blei eg godt kjend med Når han var i byen gjekk vegen alltid innom oss. Han kom opp baktrappa på huset. Så gjekk han inn på kjøkkenet, der mor gjerne var, og spurde henne: ”Kå æ dæ du he te middag i dag? Så svara ho han kva det var. Dersom mor sa at det var fisk, svara han: «Ja, då gjenge eg på Bondeheimen.»

Han likte ikkje fisk, veit du. Men sa ho at det vanka kjøt, kom det kontant: «Ja då kjeme eg inn te middag.» Eg minnest ei spesiell hending når det gjeld Andreas Aase og fisk. Då eg var liten, likte heller ikkje eg å eta fisk, og det visste han.

Så var det ein gong at Andreas Aase hadde kona Marie med seg, og kom innom for å ete middag, som var fisk. Og då var der ikkje sjanse til noko anna enn å setje seg til bords. Han kunne jo ikkje springa ifrå då. Det var lettsalta torsk som blei sett på bordet. Me sat tvers ovanfor kvarandre, Aase og eg, og me peiste på for å få det ned. Me hadde mykje salt og pepar på, og drakk mykje vatn for å få svelgt det ned. Han sa mest ingen ting under måltidet, men så kremta han og sa: «Nå Kjell, du seie ingen ting, men hadde du sagt noge så hadde eg vore heilt enig.» Han var ein slagferdig mann.

FYRSTE GONGEN eg var på jakt, var saman med Andreas Aase. Eg var vel ikkje meir enn 14-15 år gamal. Far min sa at eg kunne gå med han. Det var jo lenge før eg fekk sertifikat, så eg tok bussen opp til Liknes. Eg var jo heilt i hundre fordi eg skulle vera med på jakt. Dette var i oktober-november. Eg kom fram tidleg på ettermiddagen og skulle sova der. Eg sov mest ikkje heile natta, så spent var eg. Ut på morgonen dunka han i meg, og eg for opp. «Nå kan du reisa heim igjen», sa han. «Kva, skal me ikkje på jakt?», spurde eg vantru. «Nei», svara han, «i natt kom den fysste snøen, og då æ ikkje haran ude. Så nå he du lært det. Nå kan du reisa heim og koma igjen om to daga.» Det var forferdeleg å måtte reisa heim att utan å ha vore med på harejakta.

Eg blei gift i 1960, og eg trur ikkje at me hadde vore gift i meir enn i fjorten dagar, då Marie og Andreas Aase hadde seg ein bytur. Me budde på Uenes, var innom på besøk hos mor mi, då dei to kom frå Kvinesdal. Kona mi var jo ung den gongen, bare i tjue åra. Og så han, den store svære mannen, rett bort til kona mi og seier: «Æ detta den nye kåna di?». «Ja», svara ho, nokså brydd. «Kem æ dæ som bestemme hos dokke, Kjell?», spurde han, og utan å venta på svar heldt han fram: «Hos okke æ dæ meg som bestemme. I dag ville eg ha vore på Båstøl, men Marie ho ville til byen. Og nå æ mi i byen.» Marie stod jo rett attmed då han sa dette. Kona mi visste jo mest ikkje kva ho skulle svara til dette. Ho hadde jo aldri sett han før. Slik var Andreas Aase, alltid full av «skoi».

LÆRETIDA var fire år. På desse fire åra lærte dei å laga ulike slag pølser som til dømes middagspølse, wienerpølse og servelatpølse. Det var dei tre vanlege. Så var det bratwurst, morrpølse og andre slag. Når det gjeld morrpølse kjem eg på ei historie. Det var pølsemakaren som ramla i sjøen. Han kunne ikkje symje. Til alt hell for han kom det ein som fekk drege han opp av sjøen. Så stod han der blaut og fæl og spurde: «Kå møje ska du ha for detta?» «Nei», svarte redningsmannen, «eg ska ikkje ha noge for det. Det æ jo mi simple kristenplikt å få berga deg». «Ja, ja, du må ha så mange takk, men ett godt råd vil eg gje deg. Spis aldri morrpølsa!»

Elles måtte lærlingane kunne laga dei forskjellige pålegga som den gongen var vanleg. Dei måtte også kunne skjera ut kjøt og røyka bacon. I det heile tatt alt det som skulle til for å laga produkt av kjøtet. Det var «alt som var faget henhørende» dei måtte ha kjennskap til.

Dessutan lærte dei alt om sjølve grunnlaget for kjøtproduksjonen, slakting. Det måtte alle ha kjennskap til, og dei fekk opplæring hos far min. Dei lærte alt frå det å ta inn sjølve dyret og slakta det, til å skjera ut kjøtet, laga kjøtdeig, karbonadedeig, farse, pålegg og alt det andre du fekk ut av det slakta dyret.

PÅ KONTORET sitt i andre etasje i Elvegata 15, hadde Kjell Svindland tatt vare på ein del av protokollane frå den tida faren dreiv butikken. I ein av dei mange er det skrive opp alle dei som ikkje betalde kontant, men som økonomien tillet det. Den tid far min dreiv butikken, i 1920-åra, var det mange som «skreiv på bok». Varene blei levert, men det kunne ta lang tid før far fekk oppgjer. Det kunne ta fleire månadar før pengane kom.

Som du ser er det sirleg ført inn, reine skjønnskrifta. Eg trur det er mor som har gjort dette. Her ser eg i den gamle boka at det er kjøpt suppekjøt for tre kroner og tjue øre, og morrpølse for 40 øre.

Då far starta opp med butikken i 1907 hadde han ikkje påleggsmaskin, då slikt ikkje hadde kome på marknaden ennå. Han måtte skjera pålegget for hand. Det kunne vera skinkepålegg, servelat eller andre typar. Så fortalde han at det kom det inn to koner som skulle ha for ti øre i pålegg, og det skulle vera fleire sortar Men, det var ikkje det verste. Det verste var at han måtte skjera for hand, og då blei dei mykje tjukkare enn det påleggsmaskinen kunne skjera. Så då var det vanskeleg å få skore fleire sortar for bare 10 øre.

Eg ser forresten i boka at han hadde ein kunde på Feda.

Sauer og ungdyr av storfe blei avliva med slag flatsida på ei av øks eller med ei lita slegge. Storfe og grisar blei tatt av dage med ei skytemaske eller ei spesiell slegge. Slegga hadde to sider. Den smale sida ende i ein lang pigg. Den andre sida var brei. Når dyret skulle avlivast blei piggen sett mot panna Så slo dei med ei slegge oppå breisida av den spesielle slegga. Det hende også at grisane blei slått med ei vanleg slegge.

TAPPING AV BLOD: Smådyra blei som regel ikkje tappa for blod før slaktinga tok til. Det var bare av storfe blodet blei tappa. Dyra blei stukken i brystet og tappa for blod medan det låg nede. Etterpå blei dei heist opp etter bakbeina og flådd. Så blei innvollane fjerna.

Ei grisehistorie: Originalvisa om slåtten Fanitullen blir innleia med dei to kjende verselinene:

I hine haarde Dage, Da ved Øldrik og Svir

Hallingdølens Knivblad Sad løst i hans Slir.

I ei omskriving blei Hallingdølens endra til Slagterguttens slik at ordlyden blei:

I hine haarde Dage, Da ved Øldrik og Svir

Slagterguttens Knivblad Sad løst i hans Slir

Eg kjem på denne strofa når eg minnest ei historie som far min fortalde meg:

Før i tida kunne det bli litt lange arbeidsdagar. Så var det slik at far min skulle avgarde på eit eller anna møte og det var eine in gris han ikkje hadde hatt tid til å slakte. Slaktarsveinen fekk i oppgåve å slakte grisen, og det var heilt greitt. Far min fòr avgarde på møtet i god tru på at alt var i orden.. Då han kom heim att hadde sveinen fått så mykje innanbords at han låg og snorka ved sida ved sida av tønna som grisen hang oppi , klar til «skolling». Lenger hadde han ikkje kome. Så då blei det oppvask.

Verdens lengste salamipølse.
Utlånt Kjell Svindland
Verdens lengste salamipølse.
Utlånt Kjell Svindland
Verdens lengste salamipølse.
Utlånt Kjell Svindland

SPEKEPØLSE blei også laga. Den fyrste tida då eg begynte var det ikkje så mykje som blei produsert, gjerne bare ein liten klatt, kanskje om lag 50 kilo. Fyrst måtte dei mala kjøtet på kverna. Spekket måtte du skjera for hand. Tenk deg at det såg ut som eit tjukt papir. Det måtte fyrst skjerast den eine vegen, så den andre vegen og til slutt ein tredje gong så det blei så lite som erter. Dette tok «allverdens» tid. Deretter blei det malte kjøtet og spekket lagt opp i eit svært trau. Så knadde me dette og mengde det saman. Du måtte stå ein heil time for å få blanda det godt nok. Dei nytta oppskriftene som var frå før krigen. Så då høyrde sprit med i laginga av spekepølser, rein 96. Spriten var ein del av gjæringsprosessen. Dessutan skulle spekepølsa bli finare i snittet. Under krigen hadde far min kvote på medisinspriten som blei nytta i spekepølseproduksjonen.

Spriten måtte jo låsast inne. Mange av slaktarsveinane den gongen var ikkje alltid så fråhaldne.

Spriten var det siste som skulle opp i blandinga. Meisteren, far min, var og henta flaska i det avlåste skapet Så kom han med flaska og helte innhaldet opp i trauet, så det blei liggande i ein haug der. Så skulle også det «mengast med» i blandinga. Då spriten var helt oppi gjekk far derifrå, og overlet resten til dei andre. Men det far ikkje visste, og som sveinane hadde gjort på førehand, var at dei hadde laga nokre kanalar i blandinga ned til botnen av trauet. Så når han hadde gått var det å hive bort deigen og koma til botnen så fort som råd var for å få fatt i dei gode dråpane!

Den gongen blei pølsene så hardt speka at du kunne slå ein mann i hel! I mi tid, då eg gjekk i lære for dette i Danmark, fann me ut at det ikje var nødvendig å ha denne spriten oppi. Då brukte me sukker i staden. Så alt i femtiåra var det slutt med spriten.

Når var det at du slutta med butikken?

I 1965 starta eg opp fabrikken, i Springerbakken, men eg heldt fram med butikken. I 1992, då det var hundre år sidan bestefaren min starta opp, blei verdens lengste salamipølse laga. Du kan tru det var mange som måtte vere med for å bere pølsa frå fabrikken og opp i parken. Der la me ho ned, og så delte me ut av pølsa til folk som hadde lyst på. Det var ei artig oppleving.

I 1993 var det slutt med kjøtbutikken A. S. Svindland, etter etter 86 års drift. Av desse dreiv eg butikken i 33 år. Nå er det alt syttenår sidan eg slutta av med butikken. Men, Reidar Brogeland frå Moi leigde butikken, og han heldt fram til-til 2007 før det tok endeleg slutt. Sånn sett var det kjøtbutikk i same lokalet i hundre år frå Alvik Ståle Svindland starta i 1907 og til Reidar Brogeland slutta i 2007.